lørdag 9. oktober 2010

Shoppe knagg-rekke til gangen

Me trenger noko søte knaggar i gangen, så borna kan sjølv henge opp jakker og sekker når dei kjem heim frå barnehagen.



Eg fann ein dansk nettbutikk moods.dk, som har masse forskjellig.


Denne her for eksempel, med litt farge på, litt Hang it all-inspirert. 129,- danske kroner. Den trur eg passar godt inn i gangen vår!



Dei har fleire ulike typar dyrehovud også. Eg har ikkje vore så begeistra for hjortehovud-knaggar , men desse søte fuglane likte eg.
Dei hadde også ekorn, kaniner, sommarfuglar etc. Eller kanskje hjortane er litt kule allikevel?

--





Ein annan nettbutikk/hobbyblogg eg vart tipsa om av ein barnehagemamma er Muviduki. Dette er ein dame her i nærheita, som syr tøy på bestilling, og denne guten i barnehagen hadde verdens deilegaste joggebukse, med namnet sitt over heile rumpa. Eg trur det er noko Mr 1,5 hadde kledt særs godt!
.


I dag har me vore ute og leika i hagen i det deilege haustværet! No er husbonden på dugnad i barnehagen, og borna og eg skal bort til oldemor for å ete laurdagsgrauten der.
.

Kva er dine helgeplanar?

Klem, Ellen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar