tirsdag 5. oktober 2010

Kjerringråd mot ørebetennelse




Det er ikkje berre born som får øyreverk!



Eg har nemleg fått ein naseforkjølelse som har klart å snike seg opp i mellomøyret! Og det er vondt! Det føles omtrent som å føde gjennom øyret (fødsel er visst månadens benchmark!).



Og kva sa legen? Jau, han viste på plansjen at betennelsen sat inne i mellomøret, og anbefalte saltvatnsspray for å opne passasjen.. "Dette går over av seg sjølv" sa han.



Så her er alle alternative behandlingar mot øyrebetennelse som eg fann:


  1. Nasespray! Saltvatn til dei gravide, alle andre kan bruke otrivin etc. Spray og blås. Spray og blås! Blås og spray! Snyt deg så det ristar i trommehinnene!

  2. Skyll øyret med lunka matolje. Eg har ei lita skyllesprøyte som eg fekk på apoteket, for eg har skylt øyrene til borna for å få ut øyrevoks. Denne fylte eg med lunka olje, og spruta inn. Det renn jo ut att, men bruk ein bomullsdott til å tette att (eg la meg på sida, for eg har berre vondt i eitt øyre).

  3. Løk/kvitløk. Denne har eg ikkje testa enno. Eg tenker at det viktigaste er å passe på så du ikkje puttar noko inn i øyret, det kan bli sittande fast. Men på Kjerringråd varierar det mellom ein kvitlauksbåt til ein halv lauk, til finhakka løk i eit gasbind på utsida av øyret.

  4. Kamille-te i øyret. Ein kopp med varmt vatn, og ein pose kamille-te. Eg dykka posen i vatnet, og la den inn til øyret. Litt varmt, så pass på at vatnet ikkje er heilt kokande. Eg re-dyppa teposen når den vart kald.

  5. Smertestillande så du får sove. Kun paracet til dei gravide, andre kan ta ibux også.

  6. Akupunktur. Eg fekk nåler mot øyrebetennelse i dag, sidan eg allikevel var og fekk modningsakupunktur. Punktet er oppå handa, omlag ein cm sør for knokane mellom ringfinger og vetlefinger. Eg kjende med ein gong at det var vondt når eg fekk nålene, og det betyr gjerne at det er eit riktig treffpunkt!

  7. Ørelys. Dette har eg aldri høyrd om, og heller ikkje testa, men det finnes visstnok på "helsekosten".

Og kvifor skal ein ikkje bruke antibiotika mot øyrebetennelse?
Dette må du sjølvsagt snakke med legen om. Men i mitt tilfelle var det truleg ein virus-infeksjon, og ikkje bakteriar, og då er det meiningslaust med antibiotika, det funkar nemleg ikkje på virus. Så derfor!


Kjeldene her er kjerringrad.com, legen min og akupunktøren min. Den illustrative øreanatomiteikninga er lånt frå transforma.no.


Vonar du slepp unna øyreverk, for det er vondt! Men forma mi er mykje betre no, så det funkar jo. Som vanleg testar eg nesten alt, og kanskje hadde det gått over av seg sjølv også, men det er deileg å kunne gjere noko aktivt!


Klem, Ellen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar