søndag 24. oktober 2010

Trim for høggravide - mageløft

Dagar over termin: 2

Ein liten videoblogg i dag!

Jordmora vart så imponert over mageløftet mitt, noko slikt hadde ho aldri før sett, så ho meinte eg måtte filme det!

Så sidan me nærmar oss siste sjanse for filming, så har eg idag fått foreviga korleis gravide kan trene magemusklar. Dette er faktisk ein øvelse eg har lært hjå fysioterapeuten, og du trenar akkurat dei musklane som du brukar for å presse ut babyen, så det er veldig effektivt.

Synes du forresten eg har fått fødefjes i dag? Skikkeleg opphovna!

Enjoy!

Klem, Ellen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar