
Ut med det gamle..
Eg har prøvd å luke ut ting som er for lite, det er eigentleg ikkje så mykje. Er det berre mine born, eller er det slik at hovudet veks opp til eit visst punkt, og så stagnerar det litt?
og inn med det nye..
Eg synes eg nesten ikkje har kjøpt noko utstyr, men på ein eller annan måte er det kommen eindel inn i huset allikevel.
Og dette er utstyr til berre to stykker. Eg trur seriøst me må utvide gangen når det er tre stykker som skal ha greiene sine flytande rundt.
Og dette er status. Eg veit dette sikkert berre er interessant for meg, men det hjelper meg litt til å halde oversikt, no som eg har fotografert og dokumentert. Sorry at bilda vart litt små.
Frk 4 sine luer, bilde 1, øverst frå venstre
- Balaclava frå Reflex, denne er ny no. Eg likar at det dekker halsen også, og den er vindtett på toppen. Vinteren sin hovedbarnehagelue
- Handsydd rosa ull-lue frå sunnmøre. Penlua
- Hjertelue. Fin i overgangsperioden
- Kvit "pelslue". Eigentleg litt lita, men den passar framleis akkurat, og ho likar den godt
- Raud hjertelue, tynn, passe no til hausten
- Kvit topplue med raude striper
- Panneband frå Reima
- Fleece panneband frå Janus
Bilde 2, Dette er eigentleg frk 4 sine Tare-luer, men når eg skulle ta bileta, så syntes ho at ho hadde så mange, og broren så få, at ho donerte begge to. Den venstre er drage-forma, med refleks på kanten, den høgre er fleece og med grønt hår. Eg synes dei er litt kule :)
Mr 1,5 sine luer, bilde 3
- Raud nisselue i ull
- Tynn balaclava i ull frå Reima - denne brukar me som hovedlue nå, og så er den fin til å ha under andre luer når det blir kaldt. Igjen, deileg å ha noko som dekker i halsen
- Handsydd lyseblå ull-lue frå Sunnmøre. Denne er kjempeskjønn, men burde eigentleg hatt snorer til å knytte, kanskje eg finner eit par å sy på før lua blir for lita
- Topplue frå Reima. Denne er fora, og god og varm i vinter
- Fora lue frå ehh.. reflex? Ihvertfall god og varm!
Ei veldig kul brun skinnlue, som lignar litt på ein halvhjelm, pluss to Hødd-luer rakk visst aldri å komme med på bilda.
Frk 4 sine vottar, bilde 4
- Lilla fora hanskar frå Reflex, desse er nye, og hovudhandskane til vinteren
- Raude regnvottar frå Reima, fora
- tynne fingerhanskar med ansikt på, mest til hausten
- lilla penvottar frå Janus
- kvite penhanskar i stoff
Mr 1,5 sine vottar, bilde 5
- Lange Reima-vottar
- Lange Hestra-vottar
- Korte Hestra-polvottar
Han har eit par raude ullvottar også, men dei ligg i barnehagen, og er passar best no til hausten.
I dag har eg satt på namnelappar på nesten alle desse (pust pes!). Ganske fornøgd over dagens innsats, og litt skremt over at det var så lite namna utstyr frå før av. Har brukt strykelappar frå MerkAlt på alt utstyr, og satsar på at det held gjennom vinteren.
Dagens tips frå ein mamma i barnehagen: bruk rettetang (ja, slik til håret) for å feste strykelappar utan å dra fram heile strykejernutstyret. Eg får ønske meg rettetang, eg trur den blir litt meir brukt til strykelappar enn til hår..
Dagar igjen til termin: 4
Klem, Ellen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar