
Eg pakkar fødebag for tida.
Dette er altså den berømte bagen over kva i alle dagar som ein skal ta med seg til fødestova, til barselopphaldet og til den nyfødte babyen.
Og så er spørsmålet kva som skal være med oppi der.
Sidan dette er tredje runde på nemnte avdeling, så veit eg av erfaring at ein har bruk for ca ein brøkdel av det ein pakkar med seg (omtrent som å reise på ferie, med andre ord..)
Så då prøver eg å pakke litt enkelt. Og så prøver eg å ikkje måtte ta med meg alt på ein gong.
Liste over kva som trengs til sjølve fødselen:
(putt dette i ei lita veske, og ta med til fødestova)
- papirmølla! (helsekort og heile mappen)
- eitt skift
- mobil, ladar og ei lita bok (i tilfelle ting tek tid)
- ei vatnflaske og litt sjokolade
- såpe til den fyrste dusjen
- fotoapparat som har batteri og plass på minnekortet
Så er første fase over, babyen er ute, og du vert trilla opp på barsel. Då kan du ha ein bag som ligger i bilen, og som far kan hente.
Liste over kva mor treng på barsel:
- toalettsaker (eg droppar sminken, men har litt gode dusjsåper og slikt)
- nettingtruser og dei mest solide vegg til vegg binda du kan finne (det finnes noko på barsel, men eg likar å ha litt sjølv og)
- purelan salve og eit par ammebh-ar
- slippers!
- nokre skift, mørke, mjuke joggebukser og ammevenlege toppar
- plastpose til skittentøy
Denne siste bagen skal dei stolte storesøskna få ansvar for å ta med seg til sjukehuset, når dei kjem på sitt fyrste besøk.
Liste over kva babyen treng av ting og tang:
- "hentesettet" og eit par skift med body, strømpis, bukse og trøye
- lue, yttertøy
- bilsete og teppe
- (nokon insisterar på smokk, men det synes eg er berre tull!)
- små barselgåver til storesøskna, frk 4 får boka med alle Knerten-historiane, og Mr 1,5 får fleire lokomotiv til Brio-toga sine
Ja, dette var listene mine! Dersom noko er gløymd, så er det ingen krise. Det viktigaste er at ungen kjem ut. Og no er me klare, hihi!
Klem, Ellen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar