søndag 3. oktober 2010

Skalldyrsfestival som laurdagskos



Me hadde gjester i går, og husbonden ville gjerne ha loff og reker!



Seafood

Eg er ikkje så glad i å pitle dette rekeskallet (sikkert fordi eg pitlar så sakte), så eg ville gjerne ha scampi! Og så fekk me smake kongekrabbe hjå GK&J for nokre veker sidan, og me var begge einige om at ma hadde litt lyst på krabbeklør også!

På litt inspirasjonsjakt fann eg seafood.no, der kokken anbefalar litt ulike sausar til rekepartyet. Dermed vart det full skalldyrsfestival.

Menyen
  • Reker
  • Scampi
  • Kongekrabbe
  • Loff
  • Aïoli
  • Salsa
  • Pesto

Oppskrifter
  • Rekene vart kjøpte kokte og frosne, så dei berre tina me opp.
  • Kongekrabbe kjøpte me ferdig kokt i klør på Smart, så husbonden klippa dei opp, og hadde kjøtet i ei skål
  • Scampi kjøpte eg frosne, rå og pilla, hakka opp ein halv chili, tilsatte eit par spiseskeier hot chili sauce, eit par spiseskeier sweet chili sauce, og steikte på full varme i eit par minuttar. Når dei skiftar farge frå gusjegrå til lyserosa, er dei akkurat perfekte!
  • Aïoli laga eg av ein pakke majones, fire fedd pressa kvitlauk (eg veit, det var litt mykje, men eg er forkjøla!), litt salt og pepar pluss ein dæsj sitronsaft.

Salsa
400 g tomater (eg brukte ein boks)
1/2 chili
1 stangselleri
1 liten løk
1 paprika
3 ts tomatpure
1/2 dl olivenolje
1 dæsj balsamico
1 ts sennep (skal eigentleg være frø, men kor i alle dagar får ein kjøpt det?)
1/2 ts koriander
salt+pepar

Eg køyrde alle grønsakene i foodprosessor, så det er ganske finhakka, men ikkje heilt skvosja, før eg tilsatte resten. Eg brukte min finaste olivenolje! Og syntes salsaen vart ganske god. Den er litt mild, så sleng i meire chili om du likar det HOT!

Pesto til skalldyr

6 ss olivenolje
6 båtar kvitlauk
3 ss pinjekjerner
1 plante fersk basilikum
3 ss parmesan
Saft av 1 sitron
Salt+pepar

Igjen, eg køyrde alt saman i foodprosessoren, til det vart ganske finhakka/knust. Den fekk eindel grovare konsistens enn vanleg pesto, og smakte litt meir sitron enn vanleg, men passa godt til dipping av skalldyra våre!

Ein koseleg kveld!

I dag er me litt reduserte her, forkjølinga vart ikkje betre av all kvitlauken. Snart kjem GK med A&M på leikebesøk, så eg er litt spent på kor langt dei ryggar når dei kjenner kvitlauksanden. Me prøver å drukne det i vaffelpresselukt. Frk 4 er vaffelsteikar i dag!

God søndag!

Klem, Ellen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar