søndag 20. november 2011

Astrid Lindgren-år!

Me har Astrid Lindgren-år i år!
Ferien 2012 skal gå til Astrid Lindgrens verden i Vimmerby i sør-Sverige, så me lyt lese oss opp på historiane hennar.

Bildet av fru Lindgren og Pippi er lånt frå Norsksonen.

Astrid Lindgren burde absolutt ha nobelprisen i litteratur. Hennar forfattarskap er enormt, og figurane og verdenane ho har skapt er fantastiske.


Visste du at ho byrja på historia om den rampete Pippi allerede i 1941, som ein historie til sin febersjoke dotter, og at det var dottera som fann på namnet Pippi Langstrømpe.

Vår familie sin tilnærming til figurgalleriet byrja med Emil som barne-tv kvar søndag når Prima Ballerina var eit par år. Vi har lest ein Pippi-bok, og har sett Pippi-figurane på tv.

Ronja Røverdatter såg vi på teateret, og så har vi byrja å lese boka etterpå, men akkurat no er den lagt bort til fordel for Doktor Proktors prompepulver. I dag har eg satt saman Ronja Røverdatterfilmen ut frå youtube-fragmenter, eg fann nesten alle, og spelelista finner du her.

Favorittfilmen akkurat no er Mio min Mio. Husbonden fann den filmen i ein tilbodskorg, og den har verkeleg slått an. Begge dei store borna likar å sjå den, og det er heilt klart at det godes kamp mod det onde er viktig allerede frå femårs-alder.

No synes du kanskje det er litt mykje film-sjåing til å være barnebok-forfattar-år, men ta det med ro, eg har ein plan, den byrjar ved juletider.

Det ser diverre ikkje ut som Mio har ein eigen figur i Astrid Lindgrens värld, det kan bli sakna.

Brødrene Løvehjerte er i aller høgaste grad tilstades. Å sjå litt av filmen no i vaksen alder gjev heilt andre kjensler enn eg hugsar frå eg var barn. No er eg så fokusert på døden, og tanken på mammaen som mistar to sønner. Frå tidligare kan eg berre hugse samhaldet dei hadde i Nangijala.



Andre karakterar som vi må rekke å bli kjend med er Madicken og Rasmus på Loffen. Vi på saltkråkan skal også få eit gjensyn, for ikkje å snakke om Lotta frå Bråkmakergatan!

Kva er din favoritt-Lindgren-historie?

Klem, Ellen









8 kommentarer:

  1. Min favoritt er def. Mio, min Mio. Den onde tanten og onkelen i begynnelsen går tilsvarende til Harry P en høy gang.

    SvarSlett
  2. Jeg leste mesterdetektiv blomkvist da jeg var unge og hadde vannkopper, og har fortsatt en svakhet for han. Emil er også kul, og jeg lijte Sunnaneng valdig godt som barn

    SvarSlett
  3. @Klissi - tanta og onkelen er verkeleg onde. Ineressant kobling til Harry Potter. Eg tenker at Lindgren har inspirert mange, og i Mio skal ein heller ikkje seie den onde riddar Kato sitt namn, heller ikkje heilt ulikt ein viss Voldemort.

    @Bøllemamma - Mesterdetektiv Blomkvist kan eg faktisk ikkje hugse å ha lest, så det var eit godt tips, den kan me lese!

    SvarSlett
  4. Her leser vi alt og koser oss med alt. Høytlesning hver kveld for hele gjengen - og Astrid Lindgrenbøkene går omigjen og omigjen. Og i blant er det film. Min egen favoritt er nok Brødrene Løvehjerte, foreløpig bare lest høyt for de to eldste, vi syntes Katla ble for voldsomt for minstemann. Det er godt å gjenoppleve de gamle historien og også se de voksne i historiene, noe som jeg jo ikke så på samme måte som barn selv. Marikkenbøkene er nydelige.

    SvarSlett
  5. Sunnaneng og Brødrene Løvehjerte <3 <3 <3

    SvarSlett
  6. @underveis - det høyrest koseleg ut. Så fint å samle gjengen. Me prøver også å få til ein lesestund kvar dag, før legging. Det blir tid til å prate og reflektere litt saman.

    @Karianne - sunnaneng har eg ikkje høyrd om før, tusen takk for det tipset. Det høyrest ut som nokon triste forteljingar, men det er også noko av det eg finner mest gripande ved historiane hennar.

    SvarSlett
  7. Jeg er også veldig glad i Lindgren og hennes historier, og det er da umulig å si hvilken historie jeg liker best. De er så fine alle sammen, hver til sin alder eller sitt bruk :)

    SvarSlett
  8. @Sekstideltpåfem - dei er fine alle saman, det er eg einig i. Ho har eit stort spenn.

    @Karianne og Bøllemamma - eg var ein tur på biblioteket i går, og lånte Sunnaneng. Leste dei fyrste tre historiane i går, veldig triste, veldig fine.

    SvarSlett