Eg var så heldig å få bli med på Nationaltheateret for å sjå årets juleoppsetning - Rockeulven

Rockegjengen pent og pynteleg på rad og rekke (nationaltheateret).
Eg hugsar spesielt den nydelege songen "Mum is home" ifrå barndommens Grimm og Gru - film, der skodespelarane kjem frå mellom anna Moskva sin isballett. Satsar på at NRK sender den på nytt att til jul.
Denne versjonen med vakre norske dialektar og flotte kostymer har fått gode kritikkar. Oppsetninga var opprinneleg i Trøndelag, men fungerar godt på hovudscena.
Historia
Ein kjapp recap på hovudtrekka. Ei geit er åleinemor for søte små killingar. Ho møter ulven, og søt musikk oppstår. Ulven truar med å ete borna, geitemor går i forsvar, ein killing rømmer og mor må leite etter han, ulven lurar seg inn og fangar dei små, geitemor klarar å få støtte i samfunnet for å få hjelp til å temme villdyra.
Perlene er tett
Borna som spelar killingar gjer ein glitrande forestilling. Geitemor har ein flott personligheit, både som mor og tiltrukket av ulven. Den frittgåande kyllingen er supersjarmerande, samme med hønemødrene, dei har fantastiske hønsebevegelsar. Eselet er glitrande, og ulven stø.
Rockeulven er ein musikal, og musikarane er så flinke. Ny musikk er også finurleg fletta inn, og gjev ein ekstra prikk over i-en. Humoren passar både til vaksne og born. Det er anbefalt frå 5 år og oppover. No var ikkje nokon born med meg i dag, men det er nesten så eg vurderar å ta med prima ballerina og reise ein gong til, eg er viss på at ho hadde likt forestillinga.
Om eg høyrest litt småfrelst ut, så er det berre fordi eg likte heile oppsetninga så godt. Den anbefales verkeleg. Terningkast seks!
Kva er din favorittmusikal?
Klem, Ellen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar