mandag 7. november 2011

Julegavetips del 2: mal på glass eller porselen

Velkommen til del to av denne fabelaktige serien i "kva i alle dagar skal ein finne på i julegåve til besteforeldra som har alt".

Del ein har fotokalender som julegåvetips

I del to let ein dei kreative sidene til borna sleppe laus. Det dreiar seg om måling. Borna skal måle. Du skal berre stå på sidelinja (eventuelt bevæpna med ein klut).

Eg har tidligare år gått til innkjøp av mellom anna kvite kaffekoppar, kvite serveringsfat, blanke karaflar, blanke store vasar og blanke skåler. Eg har brukt enten porselen eller glass. Ikea har godt utvalg til ein god pris. Maling har eg kjøpt på Panduro, men dei fleste hobbybutikkar bør har eit godt utvalg.


Så er det berre å dekke mest mogeleg av arbeidsområdet med avispapir, ta heildekkande måledrakt på gullungen, og late det stå laus.


Her legg frøken fem siste hand på verket på ein vatnkaraffel til jul i fjor

Vasar og kaffekoppar frå 2009-årgangen

Serveringsfat frå 2008-produksjonen

Etter at prosjekta er ferdigmåla, så skal dei tørke i minimum 12 timar. Ferdigtørka verk skal fikserast i steikeomnen. Målinga eg har brukt har trengt 30 min på 220 grader, men dette kan variere frå ulike målingstypar, så sjekk bruksanvisinga.

Me synes dette er ein hyggeleg førjulsaktivitet, som blir fine gåver til besteforeldra. Mammaen min har allerede levert frå seg ein stabel med kvite tallerknar, og bedt om at det blir årets julegåve.

Korleis ligg du an på julegåvefronten?

Vonar du får ein malerisk dag :)

Klem, Ellen

4 kommentarer:

  1. Hehe,, de var kjempefine! og ikke minst ønsket :)
    Var bra tips da. Kanskje vi også kan lage slike :)
    Artig at du likte deg inne hos meg. Velkommen!
    Ha en fin dag også blogges vi :)

    SvarSlett
  2. Veldig dårlig. As usual! Heller bandasjekjolen kjøttkjole, ja. Hehe.. Koselig å se at du også følger bloggen på face! *smil

    Ciao!

    SvarSlett
  3. Se her ja, har hatt noen runder med slik julegavemekking.Tenkte at vi skulle lage noe spiselig i år:)
    Koselig å pusle med julegaver nå på senhøsten.

    SvarSlett
  4. @Anki - så koseleg at du likte tipset! Eg er tilhengar av praktiske ting generelt, og kjenner at eg gjerne vil gjere mitt for å redusere kjøpepresset i juleinnspurtsperioden. Me bloggast absolutt :)

    @Karianne - ja, no er eg ivrig tilhengar, og ventar på stadige oppdateringar på kjendiskjolefronten. Sangen hennar er forresten fin. Og eg visste ikkje kven ho var, så no har eg lært noko nytt :)

    @Bente - det synes eg og er ein god ide. Og eg er open for gode oppskrifter :)

    SvarSlett