
Grunnen til denne utbasuneringa er to kjipe kinoturar på rad. Ein vaksenfilm og ein barnefilm er begge er blitt øydelagt av sjølve kinoopplegget.
Eg har alltid likt å gå på kino. Heilt sidan sjeldne turar på vonde pinnestolar på ungdomshuset, der eg gleda meg til å bli 12, og fram til eg møtte mannen min, og me no kan ha barnevakt ein gong i skotåret og snike oss ut for ein liten kinodate.
Vaksenfilm og potetgull
Sist vaksenfilm var Harry Potter, og sjølv om filmen var så utruleg spennande, og eg sat i skrekkslagen sitrande spenning med snasne 3D-briller, så kunne eg ikkje høyre noko som helst av filmen. Tygging og slafsing derimot. Knitring og knasing og skravling. Ti tusen godtegrisar som bevisst knuser potetgullposane mot kvarandre for å konstant trykke munnene fulle til det renner over.
Det var slikt eit leven at eg har aldri høyrd på maken. Det var ikkje nokon lav summing av mennesker som ser film og kanskje sniker ein godtebit. Nei det var konferansen av potetgullspisarar som hadde årsmiddag og trykka i seg flest mogeleg potetgullposar på kortast mogeleg tid. Det var NM i potetgullposeknusing, og tilfeldigvis hadde nokon satt på ein film. Det var poseknarvingfinalen, og lydnivået overdøva både Potter og Voldemort i den store finalen.
Tålmodigheiten min for slikt bråkeri er absolutt minimal. Eg seier høgt Hysj! Trur du folk bryr seg? Trur du nokon mumlar beklagelsar og legger poseprosjektet bort? Nei for svingande. Dersom nokon skjer, så er det i beste fall ein auke i knitringa. Hysj! Seier eg. Knitreknuseslafse. Hysj! Knafseknafseknafse. HYSJ! KRAFSLESLAFSLE! Og så vidare.
Eg hysja ti gonger. Først fordi eg har tydlegvis litt tregt for å sjå at det tydelegvis er nokon som bevisst prøver å sabotere filmopplevelsen. Så fordi eg vart så irritert at eg ikkje kunne halde det inne lenger. Eg hadde gått til værs som ein annan varmluftsballong om eg ikkje hadde fått slept ut litt damp.
Kinodrift der synkande salg er finansiert av godtegrisar har tydlegvis fått den onde sirkelen slutta!
Så til neste kinoopplevelse, der eg og jentene såg Knerten på dagframsyning.
Barnefilm, billettprisar og reklame!
I haustferien var det dagkinovisningar heile veka i Asker kino. Prima ballerina hadde lyst til å sjå Knerten i knipe. Husbonden var på jobb, så eg leverte Mr 2,5 i barnehagen, og tok med begge jentene på tur.
For å kjøpe billett må eg og jentene vandre gjennom fristelsanes dal, det vil seie ein heil butikk spesielt designa for å selge så mykje smågodt, potetgull, sjokolade, popcorn og brus som mogeleg. Prøv å forklare til ein femåring at godteri spiser vi berre på laurdag, og i dag er det fredag.
Prisnivået på barnefilmar er snart på høgde med andre kulturopplevelsar. Eg betalte 270 kr for ein vaksen, eitt barn og ein baby på ni mnd. Eg synes 90 kr per billett er greit for vaksne, litt dyrt for barn, og altfor stiv pris for ein baby som ikkje sitter i sitt eige sete. Eg har full forståelse for at det blir enklare for tyggegummityggande godteriselgande ungdommar å berre trykke på ein knapp i staden for to, og at kinosjefane sikkert innfører flat takst for å hindre at det blir trykka på feil knapp med tilhøyrande konsekvens for inntjeninga.
Me reiste på klokka 11 på formiddagen, det var ein handfull mennesker i salen, flest born med nokon vaksne innimellom. Lerretet går til side, og kva kommer no? Startar filmen? Nei, det kjem reklame! 15 minutter med langdryg, kjedeleg vaksenreklame. Både borna og eg vrir oss i stolane. Eg kjenner fortsatt det svir litt i lommeboka etter overprisa barnebillettar. Frøken fem held på å gå i frø, og kviskrar titusen gonger med spørsmål om kor lenge det er til filmen startar. Eg synes tv-reklame er eit sterkt medium, og eksponerar bevisst ikkje borna for det. Her sitter me kloss oppi eit lerret som brettar ut dei glade bodskap i breiformat.
Eg vil ikkje ha reklame på barneforestillingar på kino!
No melder eg herved overgang til teateret. Der er det ekte mennesker, ingen reklame, og salg av knitreknasekraslefrie vafler. Takk for no, kino.
Kva synes du om kino?
Klem, Ellen
Her i huset har me anskaffa svær tv, surroundanlegg og koseteppe. Dette tar filmopplevinga til nye høyder. Samtidig som me kan sjå film når me vil/ når ungen er i seng. Det er heilt perfekt og anbefalest på det varmeste. Savner av og til kinostemningen som er i forkant av filmen, men filmopplevelsen er best heime. :)
SvarSlettJa til teater.
/Eirin :) Pauline
Så koseleg å høyre frå deg på morgonkvisten kjære venn! Eg synes også det høyrest fantastisk ut å kunne nyte filmen heime. Men korleis gjer de med premierefilmar? Klem
SvarSlettJeg er oversensitiv for knitring, småprating og smatting, så kino er ikke noe for meg, nei! :D
SvarSlettVeldig enig med deg her Ellen. Potetgullspising trodde jeg ikke var lov på kino. Derfor selger de popcorn fra bøtter osv. Jeg ville klaget til kinoen om dette. Det er i alle fall ingen som spiser potetgull på Lillestrøm kino når jeg har vært der. Var selv på kino for litt og så Ole Brumm sammen med min 2åring. Vi hadde 30 minutter med reklame og forfilm som vi begge syntes var altfor lenge. Men når først filmen kom var det jo stor stas. 2åringen vil gjerne på kino igjen snart. Satser på å komme litt senere inn i salen da tenker jeg.
SvarSlett@Mai - Hyggeleg å høyre frå deg! Det er godt det ikkje er berre meg som reagerer på slikt!
SvarSlett@Paal - Så bra at de kosa dykk! Og det er jo så kjekt å være på kino med dei søte små. 30 minuttar før ein barnefilm byrjar er lenge å vente. Eg synes det er ein del av opplevelsen å komme inn i salen, og sjå teppene gå til sides, og lyset senkes. Har ikkje så lyst til å henge rundt i kiosken. Men skal borna få gå på kino framover, så er det kanskje løysinga å være litt seint ute.
Og snavling!! Jeg holdt på å dælje til en fjortis fordi en gang fordi han konstant snakka. *hissiglise det er meg*.
SvarSlettJeg må si at jeg fremdeles elsker å gå på kino. Det å synes at snop bråker er et tegn på at man begynner å bli gammel. Derfor bør barnefilmer for voksne, e.g. Potter, kun inntas på 2100-forestillinger når 12-åringene ikke får lov å gå ut alene lenger. Men er enig i at 90kr for barnefilm er latterlig!
SvarSlettImidlertid vil ingen hjemmekino noen gang kunne erstatte kinoopplevelsen for meg. Å gå på kino er en event, å sitte hjemme er ikke. Men jeg har også blitt gammel og snoper alltid på Kiwi og kommer etter at reklamen er ferdig ;o)
@Karianne heilt einig. Absolutt skravling. Gløymde eg å skrive skravling? Eg er så einig at eg nesten må inn å redigere.
SvarSlett@Klissi hihi! Eg kjenner definitivt alderen tynge! Den største risikoen ved å gå på ein sein forestilling er at eg står i fare for å sovne under filmen. Noko som er heilt greitt ved ein heimeframsyning (faktisk signifikant normalt), men ikkje så freistande i ein kinosal.