
Møtet var på gamle trakter på Telenor Fornebu. Veldig kjekt å treffe gamle kjende på vegen. Godt oppmøte var det også!
Første delen av foredraga var Heidi Iversen og May Grøtting frå Tekna, som presenterte Tekna sin lønnsundersøkelse for perioden 2006-2010. Overordna var resultata at det ikkje var lønnsdiskriminering for samme arbeide, mens lønnsvariasjonar var eit resultat av ulike valg med omsyn til bransjar og stillingar.
Medlemsmassen i Tekna er ein homogen gruppe, omlag 58.000 stk, som har minimum femårig utdanning innan natur eller tekniske fag.
Innanfor IKT-gruppa ligg lønnsvariasjonen på omlag 2-4%. Dei seier dette kjem av at kvinner gjer i mindre grad karriere eller lønnsfremmande jobbskifte. Dei seier også at kvinner som har barn jobbar i gjennomsnitt 10 timar mindre, medan menn som har barn jobber 10 timar meir.
Min kommentar her er at det er ikkje snakk om forhandlingsteknikk, men heller karrierefokus som trengs.
Forhandlingsteknikk
Geir Andresen frå Solid Utvikling var neste foredragshaldar. Han demonstrerte forskjellar mellom kjønna, som for eksempel at menn såg på ein lønnsforhandling som ein brytekamp, medan kvinner ser på lønnsforhandling som å gå til tannlegen.

Forhandlarar er ofte dårlig forberedt.
For å gjere ein god forhandling bør du ha gjort ein analyse av forhandlingen, du bør ha satt opp eit worst case for kva det minste du kan akseptere er, og du bør simulere forhandlingen i forkant. Så er det og viktig å hugse at relasjonelle forhald spelar ein rolle.
Forhandlarar er ofte opptatt av krav og posisjonar.
Dersom du blir for opptatt av å prate, og gløymer å lytte, så kan du gå glipp av viktige signal.
Bruk samarbeid som
strategi, og gjer det bevisst.
Ha fokus på når du skal spørre om kva!
Opne spørsmål gjev meir informasjon, og meir gjennomtenkte svar.
Eksempel: På hvilken måte vil god balanse mellom kjønna påverke arbeidsmiljøet? Korleis vil du anerkjenne mitt bidrag her i bedriften?
Ledande spørsmål kan brukast til å endre/styre tema, til å teste ut scenario, og sørge for presisering.
Eksempel: Er det ikkje slik at fleire kvinner vil påverke arbeidsmiljøet positivt? Kan de anerkjenne mitt arbeide på andre måtar enn med ros?
Lukka spørsmål brukast til utsjekk og delaksept. Her får du heilt klåre svar.
Eksempel: Vil fleire kvinner i arbeidsmiljøet ha positiv påverknad? Kan de gje meg lønnsauke?
Ved å framsette ein påstand risikerar du ueinigheit.
Bruk aktiv influering ved å ha likt kroppspråk som den du forhandlar mot, og få den andre til å seie seg einig.
Bruk kroppspråket!
Ingen hender i ansiktet
Hald blikket
Hendene over bordet
Sitt hensiktsmessig
Vis interesse
Og speil kroppspråket til den andre
No våkna vesle prinsesse, så no skal me gå og hente dei store i barnehagen. I kveld er det middagsklubb med fine skravlejenter, det gledar eg meg til!
Foretrekk du lønnsforhandlingar og tannlegebesøk?
Klem, Ellen
Lønnsforhandlinger! Er lik evt. penger til shopping. Tannlegebesøk er lik evt. mindre penger til shopping. Enkelt, spør du meg.. Men ja, kvinner er notorisk dårlige til dette. Stå på krava, sisters!
SvarSlettFantastisk bra logikk Klissi! Det er verkeleg på kornet riktig! Stå på krava!
SvarSlett