fredag 25. november 2011

IKEA pepperkakehus knekkerkakehus

Takk for fine cupcake-kommentarar! Veldig flott å få høyre litt ulike meiningar!

Eg trur at det eigentleg er behov for nokon som kan ta bort litt press i kvardagen! Superhusmor er kun ei kjensle! Dersom det ikkje er noko perfekt-press, så er det vel heller ikkje noko å stresse med, eller kva?

Sidan eg fekk eit supert kompliment på wonky cupcakes, så då tenkte eg å fortsette trenden her i dag.

I morgon kjem middagsklubben-damene hit på juleverkstad, så det blir masse flotte born og masse flotte damer. Dei store borna brukar å få pynte kvart sitt pepperkakehus. Vesle prinsesse og eg tok ein runde på ikea, for å teste pepperkakehusa derfrå.

Dei kan eg herved avbefale. Prinsippet er godt, med små søte bygningskropper, om enn litt bratte tak. Men så sprø! Klin kokos sprø. Eit par var knekt allerede ved opninga, og firefem sider knakk når eg satte dei saman. Fem pakker hus førte til omtrent fire og eit halvt hus, med nød og neppe. Eg skal være glad om husa overlever pyntingen.

I tillegg til pepperkakehuspynting, så blir det også brente mandler og heimelaga karameller og masse klipp og lim! Eg gledar meg!

Bakar du pepperkakehus?

Klem, Ellen

8 kommentarer:

  1. Vi baker pepperkaker, og vi pynter pepperkakehus. Å bake huset har jeg gitt opp! :D

    SvarSlett
  2. Eg bakar hus med deig frå IKEA, då slepp eg knekkinga. :-) Og så lagar eg vindu med drops! Her finn du meir om korleis eg gjer det: http://altgodt.wordpress.com/2009/12/20/det-vesle-huset-i-skogen/

    SvarSlett
  3. @Mai - takk for kommentar, så hyggeleg å høyre frå deg! Du hadde nokon fine oppskrifter på bloggen din som eg gjerne vil prøve. Kor kjøper du pepperkakehus?

    @Alt godt - der var det masse gode tips. Eg har prøvd med dropsvindauge tidligare, og det var veldig fint. Bakematte som kan bli med inn i steikeomnen høyrest genialt ut. Eg får kanskje til å bake sjølv, for to av husa rasa heilt saman ved pyntinga (eg skulle ønske IKEA baka med IKEA sin deig).

    SvarSlett
  4. Jeg kjøper pepperkakehus på Ica Maxi. (Strengt tatt så kjøper jeg hvor som helst, for jeg spiser ikke pepperkake som har stått ute i en måned, og ungene bryr seg ikke om smaken! :P )

    SvarSlett
  5. @Mai - ica ja, det er godt å vite. Eg teller på knappane om eg skal bake eitt sjølv, kjøpe nytt ferdighus, eller superlime ikea-resten til ei pappeske. Så mange mogelegheitet!

    SvarSlett
  6. http://oslldn.blogg.no3. desember 2011 kl. 23:18

    hjelp.. Jeg har kjøpt pepperkakehus fra ikea er ikke så mange andre steder å få tak på det er i england så jeg håper ikke mitt knekker, skal lage i gave til en engelsk familie.. Kan jeg spørre hva du bruker som lim? smeltet sukker eller bare melis?

    SvarSlett
  7. @oslldn - eg brukte smelta sukker, men det tryggaste hadde nok vore å lime heile huset fast på ei skoeske! Eit anna tips er å smelte karamellar til lim. Lukke til!

    SvarSlett