Eg er så lei av brød for tida. Skikkeleg matlei. Så no prøver eg å finne nokon gode alternativ til brødmat.
Proteinbrød
4 egg
1/2 boks Cottage Cheese
1,5 ts bakepulver
60 g kruskakli
50 g sesamfrø
45 g solsikkekjerner
3 ss olje
Bland først det tørre, og så ta i det våte. Deigen skal ha ein kladdete konsistens.
Ha i brødform m bakepapir.
Steik 55 min i 180 grader, og oppbevar i kjøleskap.
Grøn smoothie
125 gram spinat
1/4 squash
2 dl ananasjuice
2 ss sitronsaft
1 ss linfrø
Miks i blender. Det kan sjå ut som det er mykje spinat, men knus den fyrst m juice, og ha i resten etterpå.
Desse gledar eg meg til å prøve! Lovar å rapportere tilbake med resultat!
Laga forresten smoothie i går kveld også, den vart kjempegod.
Bringebærsmoothie
1 korg frosne bringebær
1 liten banan
1 beger yoghurt (eg brukte dobbel 0% blåbær, for det var det eg hadde i kjøleskåpet)
1 dl appelsinjuice
1 dl vatn
Hiv alt i blender, og miks i veg. Vart deileg sorbetaktig konsistens pga frosne bær.
No stikker eg for å trille på Ikea med Marit i dag. Kanskje eg kjem heim med kjøkkenlampe?
Okay, eg skal innrømme at proteinbrøet var ganske < blæh >. Eg åt halve, men kasta resten.
SvarSlettDenne grøne smoothien var ikkje supergod, men søk på smoothie på sida, så finn du ein som er betre.
Bringebærsmoothien er iallefall fantastisk. Og eg kjøpte lampa!