
Ikkje dei tre skjønne familie-skattane mine i dag, men den årlege utløysinga av norsk kikkar-mentalitet kanalisert i skattelistepubliseringa.
Eg er tilhengar av publisering av skattelistene. Eg ser korleis det kan seie noko om det norske skattesystemet fungerar rettferdig, og mogeleggjere etterprøving av tala som skatteetaten serverar.
Så kan den store norske broren vite om leiarlønningar galopperar avgarde, om kjønnsforskjellen aukar, og om nokon yrker sakkar etter andre yrker. Ihvertfall til ein viss grad, nettotala som vert presentert er i beste tilfelle kun rettledande. Og dei som verkeleg har pengar, dei har så mange smarte måter å gøyme dei bort på, at dei ihvertfall ikkje dukkar opp på skattelistene (skjønt, det er jo enno ein fordel, sjå kven som bidreg til dugnadslaget).
Men må det være så sensasjonsprega? Og er det naudsynt å brette det ut og flette det inn og servere det som grafiske framstillingar i rangert rekkefølge med deg og dine tohundre næraste venner på facebook?
Eg merkar at eg får litt nok av heile greia. Så derfor vart eg faktisk glad når eg fekk denne linken, der Datatilsynet viser korleis du blokkerar skattelistene frå Facebook.
----
For å blokkere applikasjonene fra innsyn i din Facebook-profil må du gjennomføre følgende oppskrift:
- Logg på Facebook med din eksisterende profil.- Gå inn i applikasjon.- Klikk på lenken ”Blokker denne applikasjonen”. (Finnes under applikasjonens logo på venstre side.)- Godta blokkering.
Denne oppskriften må du benytte ved hver enkelt applikasjon.
- Logg på Facebook med din eksisterende profil.- Gå inn i applikasjon.- Klikk på lenken ”Blokker denne applikasjonen”. (Finnes under applikasjonens logo på venstre side.)- Godta blokkering.
Denne oppskriften må du benytte ved hver enkelt applikasjon.
Kjelde: Datatilsynet
----
Synes forøvrig det er eit par eksempel på god humor på skattelistene.
Haha, nå også Darth Vader!
SvarSletthttp://skattelister.no/skatt/sok/?q=Darth+Vader