fredag 23. oktober 2009

Vaksiner deg og stopp svineinfluensa

Eg skal innrømme at eg har vore negativ. Eg har syntes at svineinfluensa har vore det reine hysteriet, aldeles ut av proposjonar. Eg har syntes at det å kjøpe 9 millionar vaksiner er sløsing med statlege pengar, som går rett inn i lomma på legemiddelprodusentar.

Men no har eg snudd. I natt døydde ein to år gamal gut av svineinfluensa, og han var offer nummer 10 hittil. Det kjem truleg til å bli fleire.

Det har vore eindel kritikk mot vaksina. Den inneheld kvikksølvet thiomersal som konservering, og kritikarar seier den ikkje er tilstrekkeleg testa (kjelde: nyhetsspeilet).

Eg er bekymra, ikkje for min eigen del, men for mine to små gullungar, og alle andre sine små gullungar. Eg vil ikkje at dei skal verte smitta, og eg vil gjere kva eg kan for å stoppe svineinfluensa-epidemien.

Folkehelseinstituttet har i dag endra og skjerpa anbefalinga, og anbefalar no at alle vaksinerar seg, både for å hindre sjukdom, men og for å hindre spredning (kjelde: FHI spørsmål og svar).

Derfor har eg ombestemt meg. Me kjem til å vaksinere oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar