mandag 19. oktober 2009

Korleis unngå bomullsbarn?

Afrenposten sin kronikk "Slepp bomullsbarna fri" har blitt fanga opp av NRK Puls, som no fortel korleis "bomullsbarna" kan få angst.

"Overbeskyttande foreldre er ein medverkande årsak til angst hos barn" seier Ellen Beate Sandseter, som akkurat no skriv doktorgrad om risikofylt leik.

Eg leser den opprinnelege kronikken noko annarleis enn det Puls gjer i sin vinkling. Puls har fokus på korleis born bør få utfalde seg gjennom leik, klatre i tre, falle og slå seg etc. Dette støttar eg heilt. Eg synes at born skal få mogelegheita til å utfolde seg fysisk, lære å kjenne sine grenser, og å bygge opp sjølvtillit gjennom å mestre utfordringar i leik.

Den delen av kronikken som eg ikkje synes Puls setter fokus på i det heile, er den delen om å gje slepp på kontrollen over kvar borna dine er. Å late dei komme utanfor synsvidde, å gå fram og tilbake til skulen åleine, sykle til fritidsaktivitetar, køyre t-bane saman med venner for å gå på kino.

Her synes eg at me lever i ein så brutal verden, at eg ikkje veit om eg vil sleppe laus borna mine. Her me bur er det to kilometer skuleveg, den er ikkje sikra, det er knapt eit fortau, men tvert om smale veger der det er høg frekvens av store SUV-ar som køyrer langt over fartsgrensa - korleis kan dei sjå ein liten førsteklassing som vimsar på skulevegen?


Og korleis skal ein forelder tørre å gje slepp på det kjæraste ein har i eit samfunn med Anders Eklund-typar (Engla-saken) som stoppar små jenter på sykkel, tvingar dei med seg inn i eit skogholdt der dei blir voldtatt og drept. Skal eg tørre å sleppe ungane mine laus i sentrum med grupperingar som er enten dop-pusharar, pågåande prostituerte, eller sinte innvandrarungdommar? Aldri!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar