
Grøn powersmoothie
150 g grønkål
1 stort eple
1/2 stilk selleri
1 dl ananasjuice
1,5 dl vatn
I dag tok eg av stilkane på grønkålen, og det hjalp mykje på konsistensen. Dei er ganske tjukke og trevlete, ikkje supergode i smoothie. Ananasjuicen er ganske søt, og saman med eple blir det søtt og godt, akkurat som eg likar det. Magnus var veldig interessert i å smake, og han likte tydlegvis smaken, for han gapa etter meir.
Har aldri prøvd grønnsaker oppi smoothien, men det så jo godt ut! Takk for tips :)
SvarSlettSå spennende ut! Jeg tror på litt revet fersk ingefær i også. :)
SvarSlettWow, den var jaggu grønn, hehe! Må teste den oppskrifta, ser ut som sånt jeg kan like :-)
SvarSlettTFS!
Haha, ja den var kjempegrøn. Eg syntes den var ok på smak, men ingefær var eit supert tips.
SvarSlettDet er forresten ikkje alle grønsaker som passar like godt. Eg har i etterkant prøvd kvit smoothie, med blomkål (tomt for grønnkål), og den klarte eg berre halve av, vart litt kvalm.
Men spinat er eg heilt klar for å prøve!