torsdag 1. oktober 2009

Miljøgift i tåteflasker og smokkar



Eg må nok ein gong skrive om funn av Bisfenol A, for dette er eit tema som opprører meg. Korleis er det mogeleg at våre myndigheiter tillater bruk av miljøgifter til å putte inn i ungane våre? Kva for skadeverknader vil dette ha i framtida, som me ikkje kjenner konsekvensen no?


Saken er som følger: Rike og kyniske produsentar av barneutstyr brukar ein miljøgift som forstyrrar hormona og skadar mogelegheita til å få barn. Dette puttar dei inn i tåteflaskene og narresmukkane. Nokon av produkta har eit merke som på bildet (henta frå dinside). Men nokon er ikkje eingong merka - så ved å sjå på pakken kan du ikkje vite om dette er skadeleg eller ikkje.



Mitt forslag er å sende alt av utstyr som du har i skapet tilbake til produsenten, med eit brev om at dette kan vi ikkje tolerere! Slutt å produsere gift!




Her er testresultata frå Grønn Hverdag: Tåteflaster - Smokkar


Les også bloggposten eg skreiv i januar: http://propelle.blogspot.com/2009/01/bisfenol-i-tteflasker.html

1 kommentar:

  1. Man kan sende inn avent flaskene og få nye som er BPA free :)

    SvarSlett