Takka være flott initiativ frå Sissel, så var ho, Hanne og eg på konsert i operaen i går. Eg har vore der eit par gonger tidlegare for å gå på taket, men ikkje vore inne i sjølve husets hjerte. Me hadde sitteplassar på tredje balkong, det vil seie rett under taket, men for ein utsikt! Me sat og såg rett ned på scena, kanonplassar.
Eg var ørlite trøytt frå veldig koseleg champagneklubb kvelden før, men det var altså så kult å være på konserten at det gjorde ingenting. Det var så utruleg god stemning. Sjølv om eg ikkje forstår noko av det ho synger om, så er det fantastisk flott å lytte til allikevel, heilt spesiell musikk. Sissel sa det så fint: "ho lagar vindauge av musikken". Ein spennande miks av samisk tradisjonsmusikk, jazz og inspirasjon frå austen.
Sidan eg er leigd inn som sjåfør og hjelpar på barnehagen sin teatertur til Ludde på torsdag, blir dette absolutt ei kulturell veke :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar