
Radongassar kjem etter røyking som hovedårsak til utvikling av lungekreft. Kvart år medverkar radon til 300 dødsfall. Allikevel er det berre omlag 10% av alle bustadar som har målt konsentrasjonen av radon innandørs. (kjelde: folkehelsekontoret/Bæringen)
Eitt prosjekt på planen her i huset er å flytte soveromma ned, så i den anledning har eg bestilt radonmåling, då kjellarområde er spesielt utsatt. Me bur jo i eit gammalt hus, og det er truleg ingen sikringstiltak her. Mengda radongass varierar ut frå grunnforhalda, og det er ikkje nokon spesielle områder som er spesielt utsatt, derfor tenker eg at det er lurt å sjekke.
Me kjem truleg til å ta opp golvet og pigge oss litt lenger ned, då det er berre omlag 2 meter takhøgde i kjellaren vår. Så kan me evt legge inn radonfilm om det er naudsynt.
Dersom du også ønsker å måle radonnivået, så kan du bestille målarar frå Radonlab. Kvar detektor er på størrelse med ei fyrstikkeske. Den skal stå minimum to månedar der som du ønsker å måle. Etter endt måleperiode sender du detektoren tilbake til Radonlab, og får måleresultata tilsendt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar