
Pappapermisjon
Me er så heldige at Kjell har spart masse pappapermisjon, som me har mogelegheit til å ta ut no på hausten. På onsdag nytta me anledninga til ein tur i svømmehallen, eller badeland, som me likar å kalle Risenga svømmehall! Begge borna fekk fri frå barnehagen, og me kom oss avgårde ganske tidleg på morgonen til oss å være, dvs klokka 10.
Alle skuleelevane skulle også svømme
I det me kom fram, så kom det ein buss full av skuleelevar som også skulle svømme. "herremin, dette blir travelt", tenkte begge vaksne, og var litt frista til å snu. Men frøken 4 år hadde ikkje sett på retrett med blide auger, så me fann fram motet og fortsatte. Frykten vår var heilt ubegrunna, alle skuleungane var heilt eksemplariske, det var ikkje noko bråk, tvert om, dei satt på kanten av bassenget og tørrtrena på svømmetak, før dei svømte pent og pynteleg i det store bassenget, det som faktisk er litt for kaldt for oss og borna.
Prisras før klokka 12
Dagens store bonus var at ein kan bade for 60 kroner før klokka tolv på ein kvardag. Alle fire slapp unna med 210 kroner for mange timar i bassenget, mot 330 for familiebillett, eller 200 for ein vaksen og eit barn på ein helgedag.
Badeenglane våre
Frk 4 år elskar å bade, og eg må nesten skunde meg ut i vatnet for å ta i mot henne når ho hoppar i veg fyrste gong. Mr 1,5 er vanlegvis litt skeptisk med ein gong me kjem til svømmehallen, og er ikkje typen som kastar seg ut i vatnet med ein gong, han vil ha litt tilvenning. Men etter fem minuttar, så var han like glad og plaska rundt som storesøstera.
Me starta i terapibassenget, det er også brukt til babysvømming, og har deileg varmt vatn. Frk 4 hoppar frå kanten, og storkosar seg der. Me fann eit sett flytebobler til å ha på ryggen, og ho fekk øve seg på svømmetaka.
Me var også i sklia, Mr 1,5 fekk sitte først på fanget til pappaen, og så på fanget mitt. Eg skulle eigentleg ikkje køyre så fort, men det gjekk litt fort allikevel, me vart vel litt baktunge.. Frk 4 sprang opp trappa og sklei ned ca fem gonger innan eg rakk ein tur til, eg fekk streng beskjed om at "eg skal skli åleine, og du mamma, du får ikkje være med". Ho er ei grei-skei! Me plaska rundt i bølgebassenget og i babybassenget. Og heile tida var det omtrent tomt, bortsett frå dei eksemplariske skuleungdommane, eit par pensjonistar, og ei dame med ein liten baby. Utruleg deileg å ha plassen for seg sjølv. Dette kjem me definitivt til å gjere meir i haust!
Kor ofte er de i svømmehallen?
Klem, Ellen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar