Eg hadde ein heil åleinedag med borna, og det er ikkje nokon feriedag! Eg treng å
a) aktivisere begge to så dei er fornøgde, samt
b) passe på så dei ikkje slår kvarandre i hjel.
I tillegg skal dagen være slik nogonlunde mammavenleg, då må ein ta omsyn til redusert framkommelegheit og slarkete bekken!
Eg fekk ei fin liste med forslag på fjasboka, og her kjem forslaga med mine kommentarar.
- Badetur! Fortreffeleg forslag, og dersom eg hadde hatt med ein medhjelpar, så hadde eg absolutt gjort det. Vatn er deileg, både for meg som er str flodhest, pluss begge gulla. Åleine er det litt for stor drukningsfare.
- Leikeland! God ide, og nesten det me endte med også. Eg skal innrømme at eg aldri har vore på noko leikeland med gullungane, og då vart det litt høg terskel å reise til hoppeloppeland eller liknande. Men me reiste jo til biblioteket, det er nesten som eit lite leikeland, med masse andre born som også var der.
- Ta på regntøy og hoppe i sølepyttar! Ein av mine favoritt-regnværsaktivitetar. Frk 4 år og eg har gjort dette eindel.
- Bake bollar! Koseaktivitet. Eg kjøpte bollar då, det var det næraste me kom baking. Det er jo ikkje så lenge sidan eg bakte sist, og gulla likar å være med på kjøkenet.
- Bygge borg under spisebordet, og togbane oppå! Det gjorde me, ihvertfall togbanedelen. Me bygde ei stor togbane som strakte seg heilt frå barnekjøkenet og bort til kyra-teppet under sofaen.
- Så me endte med bibliotek-leiking i nesten to timar, pluss togbane, og frk 4 år fekk bestemme middag, då vart det favorittretten sjølvsagt: "makaroni med ost og pølser, og UTEN grønsaker, mamma". (eg hadde sjølvsagt grønsaker oppi også, det får då være grenser på barnestyrt meny, det var jo ikkje bursdag heller, akkurat).
Har du nokon gode aktivitetsforslag?
Klem, Ellen
PS: eg må fortelle at eg fekk ein epost frå eit castingbyrå som rekrutterar kule par til eit humorprogram som skal gå på TVNorge. Dei er på jakt etter eit stabilt par som har ein liten konflikt som dei gjerne vil ha løyst opp i. Om du er interessert i å vite meir, så sei frå til meg, så kan eg sende deg kontaktinformasjon. Her i heimen er det rein harmoni for tida ;o)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar