torsdag 9. september 2010

Mimmi-besøk og eplemuffins i all hast


Mimmi har ferie, og det er alltid så koseleg når ho kjem på besøk. Begge gullungane er så glade i mimmien sin, og frk 4 år spør stadig om når me skal reise på besøk til vestlandet.

Søndagsmiddag på ein torsdag
Denne ferien er Mimmi på jentetur med ei venninne heimanfrå, og i dag var dei her på middag. Oldemor kom også til middag, så det var ein super ettermiddag.

Menyen i dag var elgkarbonader med fullt søndagsmiddagtilbehør, slikt som ein ikkje finner så ofte her i huset, men full pakke med kokte poteter, gulrøtter, brokkoli, surkål, brun saus og tyttebær.
Dagens tips er å blande tyttebær med rømme, i eit ca 1-1 forhald. Det får ein lyserosa farge som var veldig populær spesielt blant dei yngste, og ein god mild-frisk smak.

Eg var meint å bake eplekake, men her i heimen har det vore litt hektisk, så det rakk eg ikkje. Det eg derimot rakk var å røre saman litt deig medan potetene kokte, og slenge saman eplemuffins som trengte 12 min steiketid medan me rydda av bordet.

Oppskrifta var ein litt modifisert versjon av ein eg fann på Det søte Liv, og bildet er også lånt derfrå.

Eplemuffins
125 g margarin (flytande er supert når ein har lita tid)
200 g sukker
3 egg
1,5 dl matfløyte som akkurat er blitt sur (eller mjølk då, det står i originalen)
4,5 dl kveitemjøl
2 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver

Eg køyrde først smør og sukker saman i matmaskina, knekte oppi egga og rørte litt til, heiv oppi mjøl og fløyte og blanda det til det var glatt, for så å forsiktig røre inn vaniljesukker og bakepulver på slutten. Dei heva noko innmari, så neste gong halverar eg bakepulvermengda.

Røra mi fekk kvile medan me åt, men det er ikkje naudsynt.

Eg hadde små muffinsformer, som eg fylte med ei lita spiseskei røre, og minst like mykje eplebitar. Eplekaketips: eg har frosne og ferdig kutta eplebitar i frysen, det er supert når ein har det travelt.

Eg fekk overraskande mange muffins, omlag 1,5 steikebrett heilt tettpakka. Steik på 225 grader i omlag 12 min. Namnam!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar