
Denne helga er det ro i heimen!
Alle bileta er lånt frå skriftenpaaveggen.no
Fly med barn
Husbonden har tatt med seg begge gullungane, og reist til sine foreldre på sunnmøre. Eg køyrde dei til flytoget i dag, og alle tre var så ivrige etter å køyre tog, at dei knapt hadde tid til å vinke. Frk 4 hadde pakka barnehagesekken full av leiker og bøker til henne og vetlebroren. Husbonden hadde ein sekk full av kanelbollar, cheerios og rosiner i små øskjer, kjærleik på pinne og tyggis. Han hadde smokkar i alle ledige lommer. Det skal godt med utrustning til for ein time i lufta.
Turen hadde gått heilt storveges, begge syntes det var stas både med tog og med fly. På gardermoen hadde dei leika i det vesle leikeflyet, og mr 1,5 seier YYYYY kvar gong han ser eit fly, han er heilt facinert.
Mor måler
Eg har flyforbud i veke 35, og sjølv om det hadde vore hyggeleg å ta turen i anledning bryllaupsfesten til T&B, så har eg det nok best heime akkurat no. Det er så deileg og stille og fredeleg i heimen, og eg nyttar anledninga til å måle veggane på soveromma i underetasjen. Me rakk ikkje pusse opp før me flytta ned, så då tek eg litt no, og sikkert litt sidan også.
I dag har eg vaska nesten alle veggene på to rom og badet! Puh!
Eg vaskar med Zalo, for husvask synes eg blir for sterkt. Eg likar ikkje alle kjemikaliane, og Zalo er omtrent like bra, dessutan supert til å løyse opp feitt så malingen henger.
Og så har eg tatt fyrste strøk på veggen over senga vår, samt tre av barneromsveggane. Ingen bilder enno, det er ei stund att før eg kan vise fram noko, men no er eg ihvertfall i gang!
Ord på veggen
Eg driv og planlegger korleis romma skal bli når dei er ferdige, og i den anledning har eg lyst til å skrive noko på veggen over senga vår. Eg har tre brudebilder som skal hengast opp, og under dei har eg lyst på ein tekst.
Eg kunne godt tenkt meg ein norsk tekst, og begge desse norske bibeltekstane leste me opp i bryllaupet vårt.
Samstundes så fall eg heilt for denne. Tenk for ei flott påminning; kyss meg alltid god natt! Kvar einaste kveld, vennen!
Denne er også skjønn!
Eg vurderar å bruke måling, og måle teksten rett på. Det er ikkje glatte vegger, men måla panel, så det er ikkje sikkert resultatet blir fint ved å lime på ein sticker.Eg får sjå om eg rekker det, men dei skal være borte heilt til mandag, så det hadde vore moro å overraske med ferdigmåla rom!
Kva ville du skrevet over din seng?
Klem, Ellen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar