onsdag 22. september 2010

Lille overraskelsen har satt nasen mot utgangen!

I dag er eg veke 36! Det er nøyaktig 1 månad att til termin!


Kor lenge det er att til fødsel er ikkje godt å vite, men eg er innstilt på at det sannsynlegvis ikkje blir mindre enn ein månad..


Eg har vore på sjukehuset for kontroll av seteleiet, sidan vår vesle overraskelse satt med rumpa ned forrige veke! Mr 1,5 var jo 4,8 kilo stor når han kom til verda, og babyar over 4,2 kilo blir rutinemessig tatt med keisarsnitt istadenfor setefødsel. Og keisarsnitt vil eg helst sleppe!


Yoga jada!?!
Men, o lukke, det usedvanleg grasiøse og elegante yogaøvelsane mine med hovudet ned og rumpa opp kan jo ha hatt litt å seie, no var lille overraskelse riktig innstilt og snart klar for avgang!
"Slik kan du ikkje drive på mamma, dette er jo til å bli heilt tullerusk av" har sikkert overraskelsen tenkt, og tatt seg ein svømmetur inne i magen.
Hovudet var langt frå festa, babyen dreiv faktisk og turna rundt, og eg fekk beskjed om at den godt kunne snu seg fleire gonger innan fødsel. Men no er eg liksom ikkje redd for setefødsel/keisarsnitt, for no veit eg at den kan vegen ut!
Og dei dårlege nyhendene..
Ein superkjip nyheit fekk eg også med meg. Denne babyen blir også ganske stor, og det er stor sannsynlegheit for at eg kan ha svangerskapsdiabetes. Eg må tilbake på fredag for glukosebelastning. Då må eg møte fastande, ta blodprøve, drikke tre desiliter sukkervatn (utan å spy!), vente to timar (hugs: ta med bok!), og så ny blodprøve for å samanligne resultata. Gruar meg, både til undersøkelsen, og til resultatet av den. Eg er redd for å ha diabetes :(
Klem, Ellen

3 kommentarer:

  1. Må bare få si lykke til med siste innspurt! Ikke gøy hvis det viser seg at du har svangerskapsdiabetes, men vi får krysse fingre for at alt er ok.

    SvarSlett
  2. Huff, vennen. Lykke til på fredagen.

    Godt at overraskelsen har snudd seg da :)

    SvarSlett
  3. Tusen takk for lykkeønska! Eg er sikker på at det hjalp, eg slapp ihvertfall unna!

    SvarSlett