tirsdag 14. september 2010

Dagens jordmorkontroll viste seteleie



I dag fekk eg bekrefta mistanken min om at vår lille overraskelse slett ikkje har satt nasen mot utgangen!

Nei då, lille venn sit godt planta med rumpa ned, og prøver å borre hovudet ut ein plass mellom navlen og ribbebeina.

Me er i veke 35 nå, så det er framleis både tid og plass til å snu seg. Eg skal på kontroll på sjukehuset neste veke for å estimere størrelse på babyen, samt bekrefte leiet. Eg er ikkje bekymra enno, for frk 4. år låg på tvers heilt til veke 36, og då snudde ho seg heilt sjølv etter trussel om vendingsakupunktur.

Dersom lillegull ikkje har snudd seg innan ei veke, så satsar eg på at dei prøver på utvendig snuing på sjukehuset. Det er ikkje alltid det fungerar, men heller ein snuoperasjon enn å føde stor baby i seteleie. Mr 1,5 var trass alt 4,8 kilo når han kom til verda, og det er ein risiko for at denne er like stor.

Trur du gullungen snur seg innan ei veke?

Klem, Ellen

2 kommentarer:

  1. Haha, morsomt bilde :)

    Håper lille gullet snur seg. En 5 kg baby ut dobbelt kan ikke være mye behagelig nei :)

    SvarSlett
  2. Nei, eg veit ikkje om nokon fødsel som kan kallast behageleg, og ihvertfall ikkje ein slik ein!
    No leitar eg etter gode yoga-stillingar, har du sett nokon?
    Klem!

    SvarSlett