søndag 5. september 2010

Tapas vennemiddag ein laurdagskveld

Det er ein overskotsaktivitet å ha gjester, men du verden så hyggeleg det er med selskap! Dei fleste av vennene våre har barn, og det har blitt litt lite av lange laurdagskveldar med vin og skravling. Synd, eigentleg, for ein kan jo faktisk ta med seg barna og reise på overnatting, men det blir straks litt meir tiltak.

I går hadde me ihvertfall Ø&S på tapasmiddag, og det var veldig koseleg.
Eg lagar typisk norske versjonar av tapasrettane, dei minner ikkje veldig mykje om menyane me fekk i Barcelona i vår. Her kjem meny og oppskrifter.

Tapas-meny
Foccacia
Aioli
Feta+oliven
Tomat og mozarella salat
Scampi
Chorizo
Asparges
Kyllingklubber
Kjøtbollar i spicy tomatsaus
Omelett
Saltbakte poteter
----
Creme Catalana

Framgangsmåte
Med eit hus som alltid må ryddast, to små gull og status som nesten høggravid så forbehalder eg meg retten til å jukse så mykje eg vil! Det er ingen av rettane som er spesielt avanserte, men det er jo mykje forskjellig. Variasjonen er jo også årsaken til at eg synes dette er perfekt kosemat, som ein kan sitte å nible på.

Me tok eit skikkeleg handleraid på smart club, der har dei alt ein trenger til ein tapaskveld. Eg fekk mellom anna ein kilo fersk mozarella for 100 kroner. Dei hadde fleire ulike ajoli-typar, eg kjøpte to ulike variantar i går, ein var med creme fraiche, og den var veldig god. Fersk foccacia, og eg kjøpte også eit surdeigsbrød med oliven til. Masse ulike oliventypar, eg likar dei litt milde og grøne som er fylt med paprika.

Eg kjøpte rå kyllingklubber. Dei hadde eg i langpanne, og pensla dei med olivenolje, og hadde salt, pepar og sitron på. 1/3 fekk spisskumin-krydder, 1/3 fekk paprika og kvitlauk, 1/3 fekk kvitlauk og koreander. Inn i ovnen, og steike på 150 grader i ca 1 time.

Dei solgte ferdig krydra hotte kjøtbollar, men eg kjøpte dei ferdig steikte svenske kjøtbollar til halve prisen, og krydra sausen spicy i stadenfor. Då er bollane meir barnevennlege, dessutan treng ein ikkje ha alle oppi sausen. Tomatsausen var laga av ein boks hermetiske tomater med chili, ein dl vatn, og ei teskei av kryddera; paprika, kvitlauk, salt og cayennepepper.

Omeletten er laga av dei eggekvitane som vart til overs etter creme catalanaen (5 stk), pluss fem egg til. Eg piska dei lett saman med litt vatn, salt og pepar. Eg brukte ein paiform til å lage dei i, og smurte den med olje nederst. Oppå la eg rå chorisopølse, og rause mengder mozarella. Den steika eg i ovnen saman med kyllingane, 150 grader i ca 40-50 min - (den stod 50 min, men kan godt stå litt mindre).

Resten av chorizo-pølsa steikte eg i litt rapsolje i steikepanna.
Scampi kjøpte eg eit kilo rå men ferdig pilla, som eg tinte, hadde litt salt på og steikte i samme panne som pølsa, så fekk dei litt kryddersmak derfrå.

Saltbakte amadinepoteter vart eg spesielt fornøgd med, det er første gongen eg prøver det på skikkeleg vis. Eg kjøpte ein kilo av dei aller minste potetene, litt større enn erter, slike som ikkje kjem vidare når eg koker poteter til vanleg. Kok opp 1,5 liter vatn, 3,5 dl havsalt, og tilset 1 kilo poteter med skallet på. Potetene skal gjennomkoke, ca 20 min. Slå av nesten alt vatnet, det skal bærre være litt att i gryta, slik at det dekker botnen. Lat stå og koke på lav varme utan lokk, til alt vatnet fordampar. Då kjem det masse salt fram. Legg litt kjøkenpapir over i fem min, og server lune.


Til spansk aften, så er det hyggeleg med spansk dessert. Eg prøvde å spise denne kvar kveld me var i Barcelona :)
Creme Catalana
Skalet av 3/4 appelsin
4 dl kremfløyte
1 dl mjølk
75 g sukker
1 heil kanelstang
5 eggeplommer

Rasp kun det oransje av appelsina opp i gryta, og kok opp saman med fløyte, mjølk og kanel. Lat trekke i 20 min.
Pisk eggeplommane saman med resten av sukkeret.
Sikt fløyteblandinga, og kok opp på nytt. Tilset til eggeblandinga medan du rører. Fordel i fire ildfaste porsjonsformer, og lat stå i ovnen på 100 grader i ca ein time - eller til det er stivt.

For å karamellisere toppen så strø over litt sukker, og bruk enten ein creme brulee-brennar, eller bruk grillfunksjonen i ovnen. Eg brukte den siste, og dei vart litt svidde etter 6 min, så no ønskar eg meg ein brennar!


Har du nokon spesial-tapasrettar som du kan anbefale meg?

Klem, Ellen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar