lørdag 25. september 2010

Glukosebelastning i svangerskapet

På ultralyden på onsdag såg me ein liten baby som var god og rund rundt magen. Det kan være ein indikator for svangerskapsdiabetes. I går gjennomførte eg glukosebelastning-undersøkelsen for å sjå om dette var tilfelle.

Glukosebelastning
Sjølve undersøkelsen består av ein blodprøve (fastande), drikke ein sukkerblanding, vente to timar, og så ein ny blodprøve for å sjå korleis kroppen handterar sukkeret.

Eg fekk ikkje ete etter midnatt kvelden før. Det er heldigvis lov til å drikke vatn, og så smurte eg med niste som eg kunne spise etter eg var ferdig. Eg blir så svimmel og svimete om eg går for lenge utan mat.

Den første blodbrøven gjekk fint, og så var det å drikke dette sukkervatnet. Ikkje direkte godt, men det gjekk då ned. Det er 75 gram glukose (=druesukker) utblanda i tre dl vatn, omlag to plastkoppar.

Ventetida er kjedeleg, men eg hadde med litt lesestoff, og drakk litt vatn, og holdt meg stort sett i ro, for ikkje å svime av eller spy eller andre freistande venteaktivitetar.

Kva er normalt?
Folkehelseinstituttet oppgjev grensene for normalverdiar for fastande til under 7 millimol pr liter plasma. Etter glukosebelastninga er normalverdien under 7,8. Mellom 7,8 og 11,1 er nedsatt glukosetoleranse, medan over 11,1 er diabetes 2.

Og, JIPPI, eg er normal! :)
Mitt fastande blodsukker var 5,5, og etter to timar var det 6,3. Så det er veldig godt å vite at eg ikkje har svangerskapsdiabetes!

Så no går livet vidare. I dag har me spist laurdagsgraut, og skal no ut og handle nye vintersko til barna. Det er barnas dag med 40%rabatt på skoringen i dag, så eg satsar på å finne skoa no. Skoshopping med born er ein tålmodigheitsprøve!

Riktig god helg til deg! Kva er dine helgeplanar?
Klem, Ellen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar