
Eg er i hvertfall lei av mat, og vil helst at alt skal være lettvint, sunt, godt, billig, og klart på ein to tre.
I farta!
I dag skal me være folk i farta etter barnehagen.
Det var me i går også, då var det småbarnstreff med barselgruppa til frk 4, me var fulltallige og meir enn det, 6 mammaer, 2 pappaer, 6 foreåringar, 4 småsøsken og 2 storesøsken var ein god og glad kaosgjeng!
I dag skal me avgårde og sjå på sofa. Sofaen vår er rett og slett for liten allerede for familien, og når babyen kjem, så blir den ihvertfall for liten. Men meir sofasnakk etterpå, dette er dagen for digresjonar, tydlegvis.
Mamma hadde med tomatsuppe på termos!
Eg tenkte først å fortelle om min barndom på farten, då min alltid velplanlagte mamma hadde med nister til oss. Eg kan ikkje hugse pannekaker på farten, men tomatsuppe på termos og kokt egg i sølvpapir var klassikarar. På den tida ville eg helst kjøpe mat i kiosken, og var litt irritert, men no er eg akkurat likedan sjølv.
Så, fordi me skal være på farten i dag, så tenkte eg å gjere som min mor, lage noko mat og ta med. Og det skal være lettvint, sunt, billig og klart på ein to tre...
Hjernen min var tom! Eg kom ikkje på noko som helst. Kyllingwok stod det på planen, det var lite aktuelt å ta med. Så prøvde eg å tenke ut kva borna hadde foreslått.
- makaroni med pølser og ost, seier frk 4 alltid, når ho får bestemme.
- pannekaker! seier ho også.
Mr 1,5 er alltid einig! Han nikkar og smiler og spiser det han får!
Men er pannekaker eigentleg lettvint, sunt og så vidare?
Eg sliter litt med å få til argumenta. Eg sliter litt med å få til pannekakespising i farta også, då vil ein jo gjerne ha mat som ikkje grisar så mykje. Så dette blir eit skikkeleg pannekakekompromiss, eg synes allerede no eg ser husbonden rynke litt på nasen (for han er pannekaker florlette smørbomber servert til dessert med sukker på)
Middagspannekake i langpanne
3 egg
5 dl mjølk
1/2 ts salt
Pisk saman i ein bolle
Mjøl til det blir tjukt! Eg brukte ein dæsj havregryn, sammalt spelt, kruskakli, rugmjøl og tilslutt kveitemjøl. Tilsaman kanskje 5 dl mjøl, om eg skal tippe.
Ha bakepapir i ei eldfast form, slå røra over, og lat kvile ti min.
Forsteik i 5-10 min. Eg satte røra inn i kald ovn, innstilt på 200 grader.
Fyll
Dette fann eg i kjøleskapet i dag:
1/2 paprika
1 liten løk
2 grillpølser av kylling
Litt norvegia og parmesan
Alt dette hakka eg grovt og blanda saman, og hadde oppå pannekakebotnen.
Steik vidare i ca 30-40 min, til botnen er heilt steikt.
Planen er å avkjøle denne kjempepannekaka, og å dele den i store bitar som barna kan ha i matboksen sin når me er på farten i dag! Litt spent på reaksjonen. Om det fungerar, så kan dei og få restar i matpakka i morgon!
Husbonden likte dette!
SvarSlett"litt rar pizzabotn" var hans einaste kommentar.
Frk 4 år var motsatt.
"æsj, dette er vel ikkje pannekaker"
Ho ville ha noko som var flatt, og som kan rullast.
Eg skal prøve å steike dei i panna neste gong då.. eller prøve noko anna...