I dag har me hatt ein superkoseleg dag med besøk av to vennepar med til saman fem ungar. Verkeleg litt kaos med sju born i alderen 1-5 som springer rundt. Heldigvis har det vore nydeleg vær, og me har vore masse ute. Trampolina har fått køyre seg, den var mest populære leika i dag.
Dagens tips er å lage gele i porsjonsformer. Eg brukar dei farga plastkoppane frå Ikea, dei er heilt geniale, Ikea-serviset blir brukt til både vaksne og born ves slike anledningar. Ein pakke gele held til sju koppar, då er det litt mindre enn ein dl i kvar, og plass til å fylle på vaniljesaus for dei som ønskar det.
Lotta hadde med seg nydelege truser frå den nye Dorothea-butikken, pluss kjempegode bollar, alle bollane vart spist opp! Lindis hadde med ein kjempegod brownies-kake. Eg må verkeleg få alle oppskriftene her, for det var så populært!
Mr 1,5 har vore litt pjuskete i dag, eg trur det er den aller siste hjørnetanna som plagar han. Han er litt varm no, så han får bli heime i morgon. Frk 4 skal gå på tur med barnehagen i morgon, og når eg sjekka planen no i dag, så skal dei gå på tur til vårt hus, og spise lunch på terrassen. Så då blir planen å være heime med begge i morgon tidleg, og så kan frk 4 gå til barnehagen med gjengen sin etter lunchen.
Oppskrift på bollar utan mjølk
Det er tomt for mjølk, men eg vil gjerne bake litt til besøket i morgon, så eg fann ein oppskrift på matoppskrift.no. Eg lagar deigen i kveld, og bakar ut i morgon tidleg.
5 dl vatn
50 g margarin
2 g salt
50 g gjær
1 kg kveitemjøl
2 dl sukker
Rør saman det turre. Smelt smør, og bland i vatn, lat det være lunka. Rør saman alt, lat heve.
Trill til bollar, bruk rosiner om du likar det. Etterhev.
Steik på 225 grader i 8-10 min. Omlag 30 bollar.
Bollane var supergode, eg skal lage dei fleire gonger!
SvarSlettEg fekk 36 stk, 1 brett med vanlege bollar, 1 brett med rosinbollar og 1 brett med kanel i svingen. Ungane likte bollane godt, det låg
1/2 bolle att på fatet når dei reiste, då hadde eg sneke unna kanelbollane, men elles åt dei rubb og stubb!
No rører eg saman deig nr 2! Eg skal jo trass alt på besøk til Hannemor i morgon, og det er kjekt å ta med seg noko ;o)
SvarSlett