torsdag 5. november 2009

Meire svineri

(eg fekk dette biletet på epost frå Lise, syntes det var morosamt, sjølv om det ikkje må forvekslast med situasjonen her i heimen)Isj, det har byrja å gå svineinfluensa i barnehagen. Og så har eg tenkt at me får prøve å leve som normalt, og vente på vaksina. Men i går ringde dei frå barnehagen klokka elleve, og sa at Anna var slapp og trøtt, så eg reiste og henta henne. Ingen feber i går, men slettes ikkje heilt propell som vanleg, så ho vart innstallert på sofaen med masse juice og saft og kos.

I dag tidleg var ho litt varm, og no har ho hatt litt feber i heile dag. Ho prøver å overbevise meg om at ho er frisk, ikkje sjuk, for å få lov til å gå på besøk til bestevenninna i nabohuset. Men ho har ikkje spist noko, og har ikkje matlyst. Bortsett frå tre is på rappen, det kunne friste.

Eg spurte henne om ho hadde vondt nokon stad. Ja, forferdeleg vondt, var svaret. Og så peika ho på kneet sitt, der ho fekk eit skrubbsår forrige veke. Så eg er litt usikker på om det er svineinfluensa. Og så kryssar eg fingre for at ikkje Magnus eller oss vaksne blir sjuke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar