tirsdag 10. november 2009

Dagens tips: heimelaga julegåver?

Her er Anna i ferd med å legge siste hand på verket på årets fyrste julegåveproduksjon.
Me har ein glasskaraffel, denne er frå IKEA. Glassmåling har me kjøpt på Panduro.
Me har både brukt svampeteknikk for å dekke litt, og pensel for litt meir detaljar.

Dersom du vil bruke fleire ulike fargar er det lurt å late det bli tørt før du byttar farge, så slepp du utglidande fargar.

Etter du er ferdig med målinga, så må du vente minimum 24 timar til tørking. Deretter fikserar du målinga i steikeomnen, sett inn karaffelen i kald omn, og skru temperaturen til 160 grader. Når omnen har blitt varm let du den stå i 40 minutt, før du skrur av omnen og let kunstjulegåvene kjøle seg ned før du tek dei ut. No som målinga er herda er den sterk nok til å tåle oppvaskmaskin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar