Her kjem den siste av matoppskriftene frå thai-matkurset. Thai Curry har vore min favoritt heilt sidan eg budde på Broadbeach, Gold Coast, rett ved ein fantastisk bra Thai-restaurant, og eg har smakt både gul, grøn og raud. Den mest vanlege er grøn, og det er min favoritt også. Eg trur ikkje det er så stor forskjell eigentleg, det kjem an på kva for farge det er på chilien i pasten, og for chili er det jo eigentleg størrelsen som teller (dess mindre, dess sterkare).
Me vart fortalt at curry-paste er veldig viktig for ugifte damer i thailand, dei blir ikkje gift før dei kan lage det. Den skal knusast i morter, og den skal bli heilt glatt på konsistens. Ein potensiell friar vil høyre på tempoet av morterknusinga om dette er eit dugandes kone-emne eller ikkje, og dei med klumpar i curry-pasten er late og ikkje klare til å bli gift enno.
Vel, eg er alt gift, og det er kurshaldaren også, så ho anbefalte å kjøpe ferdig paste!
Ho hadde med alle ingrediensar og viste oss dei, så her kjem oppskrifta:
Green Curry Paste
30 gr fersk grøn chili
3 stk thai sjalottenlauk
3 kvitlauksbåtar
2 ts galangai
1 ss sitrongras
1 ts finhakka kaffirlimefrukt
1 ts korianderpulver
1 ts karve
1 ts gurkemeie
Ha alle ingrediensane i ein morter, og knus til du blir gift, altså :)
Kylling Green Curry
500 g kyllingfilet i strimlar
2 ss matolje
2 ss green curry paste
1 boks kokosmjølk
1,5 ss sukker
2 ss fiskesaus
1/2 squash
2 snack paprika
1 boks bambusskot
1 ss basilikum
Varm opp olje i panna, og bland den med paste. Spe med kokosmjølk, litt om gongen, og gje eit oppkok før du sper meir, for å få ein olja konsistens. Tilset kyllingen, og lat den koke inn nokre minutt.
Du kan heilt fint koke ferdig fram til dette punktet kvelden før, dvs med kylling, men utan grønsaker. Så når du skal servere, så kokar du opp, tilset bambusskot, squash og paprika, og smakar til med sukker og fiskesaus. Tilset basilikum etter du har tatt retten av plata.
Server varm med ris til. Enjoy!
Høers digg ut!!!
SvarSlettSå fint nytt profilbilde av deg da, du :-)
Klem
Ser spennande ut, stor eller lita boks med kokosmelk?
SvarSlett