torsdag 12. november 2009

Heimelaga vårrullar

Eg skal innrømme at vårrullar er noko eg aldri før har tenkt at går an å lage heime. På kurset i går så såg eg at det slett ikkje er så vanskeleg som eg har sett for meg, og dette kjem eg til å prøve ut når eg skal ha middagsklubbenbesøk :)

Ingrediensar
1 pk vårrulldeig (215x215 mm, finnes i frysedisken)
400 g kyllinggkjøtdeig (kan og nytte vanleg eller svin)
1/2 kg hovudkål eller sommarkål (sommar er best)
2-3 gulrøtter
2 små løk
1/2 pk glassnudlar (bønnenudlar)
1 ss soyasaus
1 ss østerssaus

1/2 flaske matolje til frityrsteiking.


Kutt kålen i tunne strimlar, og forvell den raskt i kokande vatn, og sil av. Rasp gulrøttene og løk. Kok nudlane i 1-2 min, og kutt dei i passe lengde. Bland alt i ein stor bolle.
Steik kjøtdeigen, tilset soyasaus og østerssaus, og bland dette oppi den store bollen.

No kjem konsentrasjonsprøven, dvs rulling og pakking. Ta eitt og eitt ark av vårrulldeigen. Legg omlag 2 ss av deigen oppå arket, brett over fyrst det eine hjørnet, stram, brett inn dei to sidehjørna, og rull heilt til alt er innpakka. Det er viktig at alt er stramt, så ikkje frityroljen trekker inn i fellet, den skal kun steike overflata sprø. Lim fast det siste hjørnet med litt vatn på innsida.

Til frityrsteikinga så varmar du masse olje i ei panne, og steiker dei til dei er gyllenbrune. Drypp av dei på eit turkepapir.

Det går fint an å fryse frosne ferdige vårrullar, dei varmast i omnen. Du kan og fryse dei før dei steikast, og tine og steike dei når dei skal serverast.

1 kommentar:

  1. Note to self: ta ut pakken med deigen litt før, så er den tina innen fyllet er klart.
    Eg ser forresten at eg har kjøpt 15x15 cm deig, men det er den samme som me brukte på kurset.

    Eg køyrde alle grønsakene i food processor, dei vart heilt finstrimla på null tid.

    SvarSlett