tirsdag 10. november 2009

Maclaren-triller kuttar bornefingre


(bilde barnevognguiden.no)

Eg klarte ein gong å klemstre ein finger i mekanismen når eg skulle opne opp paraplytrilla vår (hadde dårleg tid sjølvsagt), og fy søren så vondt det var. Eit lite sekund var eg overbevist om at fingeren var knekt og knust og det som værre kunne være.

Men min finger hang ihvertfall fast.

Ifølge Aftenposten tilbakekallar Maclaren, eller kjend som "verdast sikraste babytrille" over ein million vogner fordi dei manglar ein beskyttelsesring til å dekke lukkemekanisma. Det er minst 15 tilfeller av små fingre som er kommen i klem, og 12 av dei har måttet amputere fingertuppen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar