
Mandag for omlag ei veke fekk både Anna og Magnus vaksine for svineinfluensa. Anna tålte det godt, og var i vanleg turbofart utan nokon endring. Magnus fekk feber dagen etter, og var varm og slapp ein heil dag.
Så gjekk det to dagar, der han var i sitt vanlege blide humør, høgt og lågt, og går langs kanten av stovebordet no. Fredag vart han dårleg att, og no har han lege jamnt rundt 40 grader i feber i tre fulle dagar. Eg er usikker på om det er svineinfluensa, det er no anbefalt å ta Tamiflu mot influensa, men dei anbefalar at born under eitt år konsulterar lege fyrst.
Me har ikkje vore til lege enno, men sidan det har vart så lenge så reiser me i morgon tidleg. Det er helg så er terskelen min for å dra med sjuke ungar til legevakten, med typisk lang ventetid, ganske høg. Magnus er slapp, men klar og blid, og så lenge han spiser og drikker godt, så synes eg han har det best heime (med ein flink pappa som omsorgsperson, sidan Anna og eg er heilt friske, og var på juleverkstad i går, ref forrige innlegg).
Wikipedia skriver om feber som den auken i kroppstemperatur ein får når kroppen forsvarar seg mot infeksjonar. Alt over ein kjernetemperatur på 38 grader er definert som feber. Ved temperatur over 40 grader bør ein kontakte lege. Temperaturar over 41 grader kan forårsake hypertermi (unormal oppvarming, gjerne saman med dehydrering). Temperaturar over 42 grader er livstruande.
Når born er sjuke er det viktigare å observere allmenntilstand enn temperatur. Punkta i lista under skal du være særleg på vakt mot, og kontakte lege dersom dei inntreffer:
- bornet verkar særs medtatt
- du har vanskar med å få kontakt med bornet
- bornet har utslett som ikkje forsvinn dersom du presser eit glas mot huden (fare for hjernehinnebetennelse)
- bornet har stiv nakke
- bornet har problem med å puste, eller særs rask pust
- bornet klarar ikkje å drikke
- feberen går ikkje ned etter to-tre dagar
Born under 6 månedar kan være vanskeleg å kontrollere allmenntilstanden til, og då bør du kontakte lege dersom du er i tvil.
Har du vært hos legen med magnus? Fant de ut hva det var? God bedring til gullgutten :)
SvarSlettMe reiste ikkje til legen i dag, for når han vakna, så var han heilt feberfri. Han har spist godt, og leika, og sagt "mamma" to gonger :)
SvarSlettSånn langvarig feber er ikke artig nei, men min erfaring er altså at så lenge allmenntilstand er bra, så er det ikke så mye å bekymre seg for.
SvarSlettGodt han er feberfri nå iallefall :-)