
Nina arrangerar kvart år ein juleverkstad med hobby og julesnacksproduksjon, og det er ein utruleg koseleg tradisjon. Det er mitt andre år som juleverkstad-deltakar, og Anna er like erfaren som meg. Ho leikar godt med eldstejenta til Nina, og eldsteguten til Akkanikka, og dei tre får pynte pepparkakehus og ete snop.
I fjor var det eindel eksperimentering med oppskriftene, og sjølv om det meste smakte kjempegodt, var kanskje ikkje alt like vellukka. I år var det derimot plankekøyring.
Me starta med brente mandlar ved ankomst, og ikkje nokon små porsjonar heller, men tre omgangar med totalt nesten 4 kg mandlar. For kvar omgong vart det auka mengder chili i sukkermiksen, og min meining er at spicy = betre.
Nina hadde på førehand sett saman tre peparkakehus, og dei tre unge/lovande fekk gå bananas i nonstop og seigemannskålene. Tålmodigheita fall med auka sukkerinntak, men resultata var aldeles nydelege.
Den søte nissegjengen var ein skikkeleg tålmodigheitsprøve, Anna hjalp meg med å måle, men montering av kjelken var superplundrete, og klipping av lue, liming av hår etc. var ikkje favoritten. Då var det betre å lage julemenn. Nina hadde ein oppskrift med kaldt vatn, sukker, smør og mjøl, som var enkel å slenge saman. Deigen kraup eindel, slik at alle menna såg relativt originale ut, dei var klare for paralympics heile gjengen.
Me hadde nokon nydelege fudge-oppskrifter, ein med vanilje, og ein med sjokolade, og dei vart verkeleg gode. Det vart visst ikkje tid til karamellar i år, men cornflakes-toppar med mørk sjokolade var den eine oppskriften som kom med frå i fjor (hverken heimelaga gelefigurar som aldri stivna, eller heimelaga drops som også tok si tid fekk fornya tillit).
Nina hadde også laga middag til oss, heldigvis, for det gjer seg med litt ordentleg mat innimellom alt det søte. Ho serverte vårrullar, dei var kjempegode, så no har eg litt prestasjonsangst, sidan eg skal servere det samme på mandag.
Dei to siste snopane var begge med marsipan. Nummer ein var marsipan med kanel steikt i steikeomnen, smakar omtrent som kransekake, men litt ekstra søtt, nesten litt i overkant. Til sist marsipanfigurar dekka med sjokolade, og med Kristine sin proffe sjokoladesmeltar var det ein litt anna kvalitet på desse i år, enn dei heller triste og uformelege kladeisane som eg produserte i fjor. Litt chili i sjokoladen gjorde susen.
Hørtes koselig ut med juleverksted. Vi skal ha juleverksted med noen flere babisser og mammane dems den 11. Desember. Det blir koselig.
SvarSlettSå koseleg, du må glede deg masse! Det er slike ting som er så kjekt at ein eigentleg burde gjere meir av det :)
SvarSlett