torsdag 19. november 2009

Fyrste tur til tannlegen, heldigvis ingen Karius eller Baktus


Me høyrer eindel Karius og Baktus for tida. Anna har fått skikkeleg dreisen på Spotify(heldigvis er det kun på Kjell sin pc, så eg får ha min i fred), og lista hennar vert lengre og lengre, men favorittane er ikkje så mange, det er dei to nevnte fyrane, Ein elefant kom masjerande, og Teddybjørnens vise.
Men i dag var dagen for hennar fyrste tannlegebesøk. Tannteknisk sett tannpleiar, men eg synes tannlege-nemninga får halde for Anna sitt tre år gamle begrepsreportoar. Tannlegen har liksom eit imageproblem hjå Egner. Kven er det dei fryktar mest i verda, og som borrar i veg utan omsyn til nåde, og gjer dei to fyrane heimlause?
Så me har jobba opp tannlegekred-en i det siste. Snakka om korleis det er viktig å pusse tennene kvar kveld, for så å spytte Karius og Baktus ut i vasken. Alvoret med tannpine slo ut i full blomst rett i forkant av og i løpet av rotfyllinga mi i haust (auauau). Me synger tannpussesong også.
Det blir ikkje hol i ei tann som er rein,
tennene dei pussar me ein etter ein,
godteri ete me berre til fest,
slik ei gong i veka er best,
det er flaut, det er flaut, det er flaut, flaut, flaut,
å berre kunne ete graut
I det siste har me øva oss på kva tannlegen skal gjere. Anna har fått seie "gap opp" til meg, og telle tennene mine, og så har eg fått gjere det samme med henne.
Mamma fortalde meg at min fyrste tannlegetime nekta eg å komme opp i den store stolen, og timen vart brukt fyrst hylande, og så leikande med ein liten bil på golvet. Tannlegestolen har vore diskusjonstema, eller meir at ho skal få sitte i den stoooore stolen, og pappa skal sitte i den bittelille.
All treninga har tydlegvis vore vellukka, for det var ei superstolt jente som kom heim i dag, og hadde fått ring med rosa stein i. Ho fekk velge ringen sjølv, og det er råååsa for alle pengane.
Og det var sjølvsagt null hull, og masse skryt!

2 kommentarer:

  1. Så bra med null hull!

    Jeg leste karius og baktus for niesa mi en gang, det ble så skummelt at vi måtte gjemme boka nede i stua (hos pappa) før vi kunne legge oss. ("Det e børst inni der!" Hun tok heldigvis ikke sammenhengen med sine egne tenner, ellers hadde det vel blitt mange hull :/

    SvarSlett
  2. Stakkars lita, ja, den kan nok verke litt skummel den store tannbørsten, når den kjem for å knerte karius og baktus, ein skikkeleg anti-helt..

    SvarSlett