lørdag 14. november 2009

Ta deg tid til babymassasje



Me var på ein times innføring i babymassasje i haust, og sjølv om vesle Magnus ikkje lenger er(eller aldri har vore) interessert i å ligge i ro på ryggen, så forsøker me oss med litt massasje innimellom. Det blir mest på ryggen då, eller beina. Eg trur han set pris på det sjølv om han er heilt rundt-omkring.

Babymassasje gjev litt roleg tid før leggetid, og er berre ein super måte å få litt ekstra kroppskontakt, og for å styrke bandet med bornet. Videoen viser ein enkel introduksjon til massasjen.

Eg la merke til at dei brukte ein lotion ved masseringa, medan me kun brukar ein vegetabilsk olje - det får du på helsekosten. På kurset me var på så vart det presisert at mineralolje som Natusan sin babyolje etc ikkje er det beste, for dei legg seg utanpå huden, då bør du heller bruke ein matolje som soya, oliven eller solsikke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar