torsdag 12. november 2009

Kyllingspyd med satay-saus og agurksalat

Me laga kyllingspyd med sataysaus til, servert med ein agurksalat.

Ingrediensar

500 gram kyllingfilet (kan og nytte kalkun, svin eller biff)
Skjær kyllingen i tynne strimler. Legg den i marinade, den kan gjerne ligge over natta.

Marinade
1 ts korianderpulver, eller røtter frå fersk koriander
1 ts ingefærpulver, eller fersk
1 ts kvitlaukspulver eller eitt fedd fersk kvitlauk
2 ts karri
1 ts sukker
1,5 ts salt
1 ts cumin
1/2 ts pepper
1 ts gurkemeie
1 liten boks kokosmjølk

Me vart anbefalt å ha fersk koreander, ingefær og kvitlauk. Knus dette i ein morter, før du har det i ein bolle, og blandar inn resten av ingrediensane. Etter at kyllingen har lege i minst 1 time, så skal den treast på spyd, og steikast i ei grillpanne. Grill eller vanleg steikepanne går også.


Satay-saus til spyda
1 dl steikt lauk (kjøpes ferdig i asiabutikk, luktar heilt annerledes enn vanleg norsk pølseløk)
2 ss steikt kvitlauk (samme med den)
2 ss matolje (soya eller solsikke)
1 ss paprikapulver
1 dl kokosmjølk
2-3 ss sukker
1 ts salt
1 ts korianderpulver
2 ss sitronsaft
2 ss peanøttsmør

Ha olje i panna, og tilset paprikapulver. Dersom du ynskjer ein meir spicy saus kan du bytte ut paprika med chilipaste. Det må ikkje svi, det er veldig viktig, for å unngå ein brent smak. Spe med kokosmjølk, og kok opp mellom kvar gong du tilset meir mjølk. Dette er for å sikre ein tjukkare konsistens, og at oljen og sausen skal skilje seg litt. Tilset eitt og eitt krydder innimellom speinga, rekkefølgen er uvesentleg.
Etter all kokosmjølka er oppi tilset du tilslutt peanøttsmør og sitronsaft. Og viola, ferdig satay-saus. Denne sausen skal du ha oppå kyllingspyda når du serverar.



Agurksalat
1 dl eddik 7%
4 ss sukker
1 ts salt
3 dl vatn
5 charlottenlauk
1 agurk
1 raud søt paprika

Bland eddik, sukker, salt og vatn, og kok opp medan du rører. Etter å ha avkjølt blandinga kan du tilsette ostehøveloppskåren agurk, paprika og lauk.

Agurksalaten skal serverast ved sida av kyllingspyda. Det er nytt for meg at det er vanleg med agurksalat i thaimat, men det var veldig friskt ved sidan av. Eg har faktisk aldri laga agurksalat før, men eg syntes denne var betre enn den mamma lagar (sorry mamma..), eg trur ikkje ho brukar å ha sukker i. Paprikaen er ikkje der for smaken sin del, men for fargen.

2 kommentarer:

  1. Dette hørtes veldig godt ut, jeg kjenner nesten luktene når jeg sitter og leser!

    Utfordring til deg på bloggen min ;-)

    SvarSlett
  2. Så gøy, då må eg ile inn og bli utfordra! Du blir prioritert over oppskriften på green curry, det er ganske bra altså! :)

    SvarSlett