I regi av barnehagen var eg på kokkekurs for å lære å lage thaimat i går.
Det var kjempegøy, veldig lærerikt og inspirerande.
Så no skal eg skrive inn oppskriftene her, så eg har dei til seinare. For denne maten skal eg absolutt lage. Eg er veldig glad i thaimat, og har sett på det som avansert og komplisert, og slett ikkje noko eg kan lage på mitt eige kjøken.
Alle ingrediensar finnes visstnok på asiatiske butikkar, så no får eg ut og handle.
Når me kom i går, så fekk me ein velkomstsnack. Eg tok ingen bilete, så me får greier oss med teorien i fyrste omgang.
Ingrediensar
Kina-brokkoli
Thai sjalottlauk
Peanøtter
Fersk ingefær
Lime m skall
Kokos/sesamfrø mix
Lys sirup med sesamfrø
Alle ingrediensane legges i eigne skåler. Skjær lauk, ingefær og lime i småbiter. Eg trur det finnes ein ferdigblanding m kokos/sesamfrø. Bland sesamfrø inn i honningen.
Legg opp bladene av kina-brokkoli på eit fat. Desse bladene skal brukas som små spiselege skåler, som du fyller med alle dei andre ingrediensane, og spiser heile. Omtrent som wraps, men det skal være ein munnfull. Utruleg masse spennande smaker saman, og det er kjempegodt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar