Dagens middag er småbiff av hjort, som onkelen min har skote.
Viltgryte
400 g viltkjøt
1 løk
200 g sjampinjong
1 gulrot
1 selleristang
1 beger creme fraiche (eg brukte lett)
3 ss solbærsirup
30 g brunost (geitost gjev best smak)
1 skei einebær
2 ss tyttebærsyltetøy
Krydre kjøtet med salt og pepar, og brun kjøtet på sterk varme. Så hiver eg oppi løk, sopp, og grønsaker, og let det surre saman. Eg knuser einebæra før eg har dei oppi, og tilset så resten av ingrediensane. Dersom kjøtet er seigt så kan det godt koke eit par timar, då vert det mørt. Dette kjøtet vårt var ferdig mørna, så då tek det ikkje så lang tid. Men det er viktig at det er nok væske, eg spedde med litt vatn og litt mjølk, eg kunne og godt brukt fløyte dersom eg hadde hatt det.
Serverast med kokte poteter, brokkoli og tyttebærsyltetøy.
Anna er framleis litt sjuk, så ho kneip att munnen, og ville helst ikkje ha noko. Eg fekk lirka inn fire munnfullar og eit glas solbærsaft, det var ein skikkeleg tålmodigheitsprøve, men ho må ha litt mat i kroppen, stakkars liten. Ho fekk is til dessert då, og den sklei rett ned!
Heisann, søkte litt rundt på nettet etter hjortegryte + Creme Fraiche, då eg ikkje hadde fløte for hande. Kom over denne sida, og har laga ei gryte med nokre innspel frå oppskrifta di. Vart en skikkeleg høydare, og kan anbefalast :)
SvarSlettTusen takk for veldig koseleg kommentar! Eg er heilt einig i at denne gryta er veldig god! No vart eg glad!
SvarSlett