lørdag 28. november 2009

Rødnesedagen 2009 går til Redd Barna



29 november er Rødnesedagen. Dette er ein innsamlingsaksjon som er befriande annarleis ved å bruke humor til å få merksemd og skaffe inntekter til ulike veldedige formål.. Konseptet Red Nose Day vart starta i 1985 av komikaren Richard Curtis, og går mellom anna på BBC.

Det er fyrste år med raude nasar i Noreg. Inntekta går til Redd Barna, som skal nytte pengane til å beskytte born mot overgrep, både i Noreg og Redd Barna sine programland. Redd Barna er ein av organisasjonane eg har mest sympati ovanfor, dei gjer ein kjempejobb, og klarar å bruke over 85% av alle midlar til tiltak for born, og minimere overhead til administrasjon av organisasjonen.

http://www.rodnesedagen.no/

http://www.reddbarna.no/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar